Kyrkjene våre
I Setesdal vart stort sett alle dei gamle kyrkjene rivne på 1800-talet og erstatta av nye og større bygg. Dette gjeld t.d. kyrkjene i Hylestad frå 1839 og Valle frå 1844. Bykle gamle kyrkje frå 1620 er den einaste verkeleg gamle kyrkja i Setesdal og rommar t.o.m. materiale frå ei eldre stavkyrkje som sto på same plassen. I Bykle finn vi òg den nyaste kyrkja i Setesdal, frå 2004. Fjellgardane kyrkje ligg i sentrum på Hovden og er bygd i 1957.
På sidene under er det meir utførleg informasjon om dei einskilde kyrkjene og om kyrkjegardane.
Informasjon om orgla ligg under "Musikk".