Bykle gamle kyrkje frå 1620 er den eldste kyrkja i Setesdal. Kyrkja er både lita og særprega. Ikkje minst rosemålinga frå 1826 gjev romet ein helt spesiell atmosfære.
Bykle gamle kyrkje ligg i Bykle sokn.
Besøksadresse: Kyrkjevegen 12, 4754 Bykle. SJÅ KART
Setesdalsmuseeet guidar i kyrkja dagleg om sommaren frå rundt 15/6 til rundt 10/8. Ein kan og bestille guiding andre tider på året. Meir info om dette på www.setesdalsmuseet.no
Bykle gamle kyrkje har eit særskilt regelverk for bruk, for å ta vare på rosemålinga i kyrkja. Bykle gamle kyrkje kan brukast til vigslar, intimkonsertar og gudstenester frå og med mai til og med september - og til vigslar for registrerte innbyggjarar i Bykle sokn heile året. Det er vanlegvis minst ei gudsteneste i Bykle gamle kyrkje kvar sommar.
Du kan lese meir om kyrkja i desse brosjyrane:
Bykle gamle kyrkje - informasjon på norsk
Bykle old church - information in English
Bykle alte Kirche - Information auf Deutsch
400-års jubileum
Det var planlagt å feire 400-årsjubileet til Bykle gamle kyrkje i september 2020, men dette måtte diverre avlysast på grunn av koronapandemien. Jubileumsfeiringa er no utsett til 2022.
I samband med jubileet har Bykle sokneråd gjeve ut eit jubileumsskrift som er distribuert til alle i soknet:
JUBILEUMSSKRIFT - Bykle gamle kyrkje 400 år
Her kjem det youtube video, der du kan sjå ein guide fortelje deg historien om Bykle gamle kyrkje.