Andaktar på heimane


Velkomen til andakt på aldersheimane i Valle og Bykle!

 

Det vert regelmessig halde andaktar på heimane i Valle og Bykle for både bebuarar og alle andre eldre i soknene. Det er vanlegvis presten som leiar andaktane, men av og til kjem prostidiakonen eller andre og har andakt. Organisten er også med å spelar piano.

Tidpunktet for andaktane vekslar mellom onsdagar og torsdagar, vanlegvis kl. 11 i Valle og kl. 13 i Bykle. Annakvar gong er det nattverd. Nærare opplysningar om tid og stad finn du i kalenderen på framsida.

Kontakt: sokneprest Kristine Borgen (sjå «Kontakt»)

Tilbake