Stefanusbarna er misjonsprosjektet til Bykle, Valle og Hylestad sokn. Det er Stefanusalliansen og Mama Maggie sitt arbeid for barna som bor og lever på søppelhaugane i Kairo.
Misjonsprosjektet vårt handlar om å gje forfylgde kristne i Egypt høve til å oppnå endringar både i eigne liv og i samfunnet dei lev i. Det gjer vi ved å stø Stefanusalliansen sitt arbeid. Den politiske situasjonen i Egypt har vore ustabil sidan revolusjonen i 2011, då president Mubarak blei avsatt. Dei fleste innbyggjarane i landet er muslimar. Men i Egypt finn vi også det største kyrkjesamfunnet i Midtausten: Den koptisk-ortodokse kyrkja. Stefanusalliansen har hatt sine noværande prosjekt her sidan 2005.
På «søppelfjellet» i Kairo bur det tusenvis av kristne familiar som er overletne til å leve i, og av, storbyens søppel. Inspirert av Jesu kjærleik har Mama Maggie gjennom tre tiår bygt opp eit arbeid som kallast Stefanusbarna.
Stefanusbarna driv eit utstrakt barnehagearbeid på «søppelfjellet», der barna får moglegheit til eit betre liv. Det er også eit omfattande besøksprogram: Kvar veke får barna sine familiar besøk av ein diakonal medarbeidar som fylgjer opp heile familien.
Stefanusbarna sitt arbeid omfattar også utbreidt leirverksemd for barn og unge; fleire skuler; helseoppfylgjing av barna og familiane deirar; utdeling av mat og klede. Kimen i det mangfoldige arbeidet er kjærleiken til det einskilde barnet. Kvar dag får barna høyre at dei er verdfulle og elska, og Stefanusbarna sitt motto er: «I can – eg kan!»
Biskop Thomas er ein uredd talsmann for sosial rettferd og trusfridom i Egypt. Han har vore Stefanusalliansen sin partnar sidan 2005. Vi stør retreatsenteret Anafora og undervisningssenteret Anastasia som han har bygt opp.
Biskop Thomas er koptisk-ortodoks biskop med sete i bispedømet El-Qussia i Øvre Egypt – altså i sør. Han har bygt opp retreatsenteret Anafora i ørkenen mellom Kairo og Alexandria.
På samme område har han starta Anastasia – eit undervisningssenter der koptisk ungdom frå Øvre Egypt utan medel får yrkesretta trening og grunnleggande hjelp til å klare seg i samfunnet. Mange av kursa har vore retta mot kvinner. Dei siste åra har kursstedet vekse kraftig og har inngått samarbeid med fleire ulike universitet som gjev høgskulekompetanse.
Nyhetsbrev fra Stefanusbarna 2-2024
Nyhetsbrev fra Stefanusbarna 1-2024
Nytt frå Stefanusalliansen 19.6.20
Årsrapport 2019 Stefanusalliansen