Diakoni


Diakoni handlar om å bry seg, om å møte menneske der dei er. Den utfordrar kvart enkelt menneske til å sjå, høyre og ta på alvor dei som kjem i den einskilde sin veg. Det handlar om å skape naturlege møteplassar med rom for glede, sorg, sinne, handlingslamming, fortviling, bitterheit, skuldkjensle, refleksjon og samtale.

 

 

 

PROSTIDIAKON i øvre Setesdal er Per Emanuelsen som arbeider i partalsveker. Han deltar i båe diakoniutvala våre og arrangementa deira. Han held også andaktar på heimane i Bykle og Valle og har ope kyrkje på sjømannskyrkjevis i Fjellgardane kyrkje. Gjerne går han på heimebesøk. Han likar å prate med folk så ta gjerne kontakt.

Kontakt Per Emanuelsen, tlf 977 19 173, epost: pe-em@online.no

Kvartalsrapport 2 Øvre Oterdal

Halvårsplan for prostidiakon hausten 2020

 

VALLE OG HYLESTAD DIAKONIUTVAL i 2020 er Astrid Nomeland (leiar), Karin Bøe (sekretær), Jorun Høyland, Knut Olav Uppstad (representant for soknerådet) og Per Emanuelsen (prostidiakon). Diakoniutvalet steller til kyrkjekaffi etter gudstenestene, tilbyr kyrkjeskyss, lagar middag for alle to gonger i semesteret, har temakveldar og besøksteneste.

Knut Olav Uppstad er representant for soknerådet og kyrkjelyden i diakonisamarbeidet for Setesdal.

Kontakt: Astrid Nomeland, tlf 911 48 355, epost: astridnomeland@hotmail.com

 

BYKLE DIAKONIUTVAL i 2020 er Aud Skagestad, Sigen Lillemo Mundal, Jette Michaelsen, Kjell Dal og Per Emanuelsen. Diakoniutvalet steller til middagsfelleskap i kyrkjekjellaren i Bykle kyrkje første tysdagen i månaden og held Diakoniens dag. I påsketida laga dei til ei Påsketids vandring rundt Bykle kyrkje sidan vi ikkje kunne samlast inni kyrkja.

Bernt Berntsen er representant for soknerådet og kyrkjelyden i diakonisamarbeidet for Setesdal.

Kontakt

Tilbake