Bykle, Valle og Hylestad > Kontakt > Artikler > Artikkeldetaljer


Foredrag om kristenretten


Velkomen til foredrag om kristenretten ved Randi Anne Skårdal i Kyrkjestoga, 28. januar.

Randi Anne Skårdal er tidlegare kateket og diakon i Den norske kyrkja, og har eit stort engasjement for bibel og bøn. Ho er leiar i organisasjonen Bønn for Den norske kirke. Eit foredrag om kristenretten og kristendommen si  innføring i Norge: Foredraget bygg på boka til Ole Petter Erlandsen "Anno 1024" og gjev eit større og breiere bilete enn «kortforma" av historia som vi lærte på skulen. Det gjeld myke meir enn maktbruk og kongar som vil kontrollere folk: det var ein prosess som starta med munker og kristne slavar som kom til vårt land lenge før 1024, og det var eigentleg ikkje mindre enn ein "fredeleg revolusjon" for Noreg. Vi gjekk frå klan-samfunn med æresdrap som plikt til eit nytt syn på menneske der alle hadde verd.

Me får høyre kor viktig kristendommen var for å prege samfunnet vårt og at det var mykje meir enn vald som brakte kristendommen til landet vårt.

Vel møtt i Kyrkjestoga i Valle, 28. januar kl. 19:00. Dagen etter er du hjarteleg velkomen til bibel- og bønedag på Nomeland bedehus. Les meir her.

Tilbake