Bykle, Valle og Hylestad > Kontakt > Artikler > Artikkeldetaljer


Er du vår nye daglege leiar?


Har du interesse for personalleiing, økonomi og administrasjon kan dette vere noko for deg.

Ledig 100 % stilling som kyrkjeverje / kyrkjelydsarbeidar frå 1. september 2025.

Stillinga er fordelt på 60 % kyrkjeverje og 40 % kyrkjelydsarbeidar.
Deltidsstilling som kyrkjeverje kan vere aktuelt.

Arbeidsoppgåver

  • Personalleiing
  • Budsjett og økonomistyring
  • Sakshandsaming og sekretærfunksjon for soknerådet, samt oppfylgjng av vedtak
  • Drift og vedlikehald av kyrkjene
  • Administrativt arbeid knytt til gravplassane. Kommunen utfører alt det praktiske arbeidet ved bruk av kommunalt tilsette
  • Samarbeid med kommunale einingar og leiinga i kommunen. Kommunen utfører tenester på reknskapsføring og lønskøyring.
  • Informasjonsarbeid
  • Kyrkjelydsarbeid

Soknet har eit tett samarbeid med nabosoknet Bykle.
Du finn meir informasjon på heimesida vår https://valle.kyrkja.no/

Kvalifikasjoner

  • Relevant utdanning frå universitet / høgskule. Relevant røynsle kan kompensere for formalkompetanse
  • God datakunnskap. IT-plattform frå IKT Agder, HR-portalen og program frå Vitec Agrando
  • Røynsle frå personalleiing, strategi, budsjett og økonomi
  • Kjennskap til Den norske kyrkja si verksemd og organisasjon
  • Innsikt i offentleg politikk og forvaltning
  • Røynsle frå frivillig arbeid i lokal kyrkjelyd, idretts- og anna organisasjonsliv er ein fordel

Personlege eigenskaper

Valle og Hylestad sokneråd søkjer etter ein engasjert og motivert kyrkjeverje/kyrkjelydsarbeider for å take vare på kyrkja sine mange ulike oppgåver og funksjonar.

Vi søkjer etter ein person som er serviceinnstilt, sjølvstendig og pliktoppfyllande.

  • Fleksibel og engasjert medarbeider som kan vere med å utvikle kyrkja i Valle
  • Vi legg vekt på at du er rett person for jobben.
  • Må vere medlem i DNK
  • Gode skriftlege og munnlege framstillingsevne. Nynorsk vert nytta.
  • Ha førerkort klasse B og disponere eigen bil
  • Legge fram politiattest ved tilsetjing.
  • Kunne jobbe sjølvstendig, er tydeleg og strukturert i sitt arbeid
  • Må jobbe godt i team

Vi tilbyr

Ei spanande, meiningsfylt, interessant og sjølvstendig stilling i eit raust arbeidsmiljø prega av tilsette som i stor grad arbeider sjølvstendig, men òg i team.

Løn etter avtale. Øvrige arbeidsvilkår etter gjeldande lov og tariffavtale. Gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP.

Søk på stillinga i Webcruiter.
Sjå utlysinga på Finn.no.

Tilbake