Bykle, Valle og Hylestad > Kontakt > Artikler > Artikkeldetaljer


Vegleiaren i nytt format


Ny utgåve av Vegleiaren - Jolenummer - 2024. Kyrkjelydsbladet for Bykle, Valle og Hylestad.

Vegleiaren Jolenummer 2024

Sidan eg kom her i 2022 har fleire etterlyst Vegleiaren — kyrkjelydsbladet for Bykle, Valle og Hylestad. I denne enkle utgåva av bladet får ein ikkje plass til alt ein kunne ynskje. Noko av stoffet me har samla kjem i ei seinare utgåve. Blir bladet godt teke imot vil me prøve å kome ut med fleire nummer neste år. Kjerneinnhaldet i Vegleiaren er å dele Guds ord til tru, håp og utfordring til teneste i kjærleik. «Ætt skal fyljge ætterad» vil ha ein naturleg plass. Glimt frå kyrkjelivet no og frå tidlegare tider er fint å ha med. Og elles intervju med bygdefolk som kan gje eit vidare perspektiv på trua og livet.

Frelsaren har mange namn. Gud med oss - Immanuel - er eitt av dei.

Med ynskje om ei velsigna og fredfull jolehøgtid, og eit godt nytt år.
Toralv Frøysaa Lie Sokneprest i Valle og Bykle

Tilbake