I sak 056/24 FR – Gravplassvedtekter for Valle kommune - har rådet i møte 15. oktober vedteke - Framlegg til
Forskrift om gravplassvedtekter, Valle kommune, Agder fylke.
Vedtektene som gjeld er godkjent av Agder Stiftsdireksjon i desember 1992.
I samband med opparbeiding av Minnelund på Hylestad kyrkjegard var det naudsynt å lage nye vedtekter. Arbeidet er gjort med utgangspunkt i ein mal frå Statsforvalteren i Vestfold og Telemark.
Vedtektene skal ut på høyring.
I Forvaltningslova §37 heiter det at forvaltningsorganet sørge for at saka er så godt opplyst som mogleg før forskrift vedtakast.
Framlegget blir gjort kjent gjennom kunngjering i Setesdølen, i brev til kommunen og andre aktuelle instansar.
Høyringa er tilgjengeleg på kyrkja sine heimesider - HER - og ligg til gjennomsyn på Valle kyrkjekontor.
Høyringssvar sendast på e-post til post@valle.kyrkja.no
Høyringsfristen er sett til måndag 25. november 2024.
Etter offentleg høyring vil vedtektene bli lagt fram som sak i Fellesrådet for handsaming før dei blir sendt til godkjenning hos Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.
Toralv Frøysaa Lie
Kyrkjeverje i Valle