Jola vert annleis i år. Her finn du oppdatert informasjon om gudstenestar og open kyrkje i jola 2020.
24. DESEMBER - OPEN KYRKJE OG DIGITAL GUDSTENESTE
Dei tradisjonelle gudstenestane på jolaftan er diverre avlyst i år grunna strenge smitteverntiltak. Men det skal bli mogleg å kome til kyrkja uansett. Difor blir det open kyrkje i Bykle, Valle og Hylestad nokre timar på ettermiddagen. Du kan m.a. lytte på vakker jolemusikk og tenne eit ljos. Det vil berre bli slept inn eit mindre antall personar om gongen, og vi oppmodar folk om å bruke munnbind. Hugs å halde avstand - både inne og ute. Påmelding er IKKJE naudsynt.
Bykle kyrkje er open frå kl. 13-15 - organist Henrik West spelar orgel frå 13.00 - ca. 14.15.
Valle kyrkje er open frå kl. 14-16 - organist Henrik West spelar orgel frå ca. 14.45 - 16.00.
Hylestad kyrkje er open frå kl. 14-16 - sokneprest Kristine Borgen spelar piano og syng.
I tillegg til dette vert det publisert ein digital jolegudsteneste frå Bykle gamle kyrkje d. 24. desember kl. 10.00. Den kan streames når som helst etter dette tidspunkt. Du kan sjå gudstenesta på vår Facebook-side: "Kyrkja i Bykle, Valle og Hylestad" eller på YouTube VIA DENNE LINKEN.
25. DESEMBER - GUDSTENESTAR
Joledag er det gudsteneste i to kyrkjer i år. Her er det maks. antall på 50 deltakarar. Det er ikkje nattverd, og det er ikkje allsong - diverre. Men det blir orgelmusikk og korsong. Påmelding er nødvendig. Påmelding er open no og fram til 24. des. kl. 15.00.
Valle kyrkje gudsteneste kl. 12.00
Bykle kyrkje gudsteneste kl. 14.00
DIGITAL JOLEKONSERT
Sidan mange jolearrangement er avlyst i år, har vi laga ein digital jolekonsert/jolehelsing med ei lang rekkje innslag med lokale utøvarar. Den vart publisert fredag 18. desember og er framleis fritt tilgjengelig. Du kan sjå sendinga direkte på vår Facebook-side: "Kyrkja i Bykle, Valle og Hylestad", eller på YouTube VIA DENNE LINKEN.