Påmelding til gudstenestar og konsertar


Grunna smittevernreglane og begrensa kapasitet blir det påmelding til ein del arrangement framover. Her finn du vegleiing for påmelding.

OBS! Alle arrangement i kyrkja er avlyst fram til og med 17. januar.

 

OPPDATERT 5. JAN. 2020

Når du melder deg på eit arrangement, har du både forhåndsregistrert deg og reservert ein plass. Det betyr at vi slepp å bruke tid på å skrive ned namn og telefonnummer når du kjem til kyrkja, vi kan berre krysse av deg og andre i gruppa di om du kjem saman med andre. Samtidig er du/dykk sikra ein plass på arrangementet. Du kan melde på maks. 9 personar i tillegg til deg sjølv.

På konsertane skjer betaling ved inngongen. Bruk helst Vipps, alternativt kontantar.

For å melde deg på eit arrangement må du gå inn i kalenderen som du finn på framsiden av nettsidene. Klikk evt. på "Se hele kalenderen" for å finne arrangementet. Klikk på arrangementet og følg linken til påmelding.

Har du påmeldt deg eit arrangement og finner ut av at du ikkje kan deltake, ber vi deg om å ta kontakt med kyrkjekontoret i Valle eller Bykle for å bli avmeldt, så du ikkje sperrar plassar for andre.

Det kan vere ulikt antall plassar på arrangementa med påmelding.

OBS! Endring/avlysing kan skje med kort varsel!

Tilbake