Jolekonsert med Inger Lise Stulien


"Frå Nashville og heim te jol"

13. desember 2020 kl. 17.00 i Bykle kyrkje

Billettar: 200 kr. / gratis under 18 år.

Maks. 50 deltakarar. Påmelding!

 

PÅMELDING VIA DENNE LINKEN

I fjor haust pakka Inger Lise kofferten og drog til counytymusikkens vogge. Med seg hadde ho rykande ferske nykomponerte songar, gitarist Knut Kjetil Møen og pianist Kim Roger Larsen som og er låtskrivarar på det nye albumet. Denne gong på engelsk.

Så kom koronaen, alle konsertar avlyst. Platesleppturnè blei ikkje som planlagt, difor kom idèen om å sleppe sitt nye album på Agders tak, Sæbyggjenuten, 1507moh, i nettopp Bykle kommune. Du såg ho kanskje på NRK Norge Rundt?

Trioen ho hadde med seg "over dammen" stiller på desse to førolskonsertane i Setesdal. I tillegg har ho med seg Kjell Åge Stoveland på stryk, frå Kristiansand symfoniorkester. Det blir songar frå Nashville og sjølvsagt frå fleire av hennar soloutgjevingar på norsk.

"Heim te jol" er sjølvsagt på repertoaret. Nettopp jola og joletradisjonane er noko Inger Lise er veldig glad i, og veit å setje pris på. Det blir kjende og kjære jolesongar, og nye songar. Dei ser fram til å vitje Setesdal i desember.

Inger Lise Stulien: Vokal
Knut Kjetil Møen: Gitarer
Kim Roger Larsen: Tangentar
Kjell Åge Stoveland: Fele

Arr. av Kyrkja i Bykle, Valle og Hylestad i samarbeid med artisten.

Tilbake