Jubileumsskrift for Bykle gamle kyrkje


I samband med Bykle gamle kyrkje sitt 400-års jubileum i 2020 har Bykle sokneråd gjeve ut eit jubileumsskrift.

 

Det var planlagt å feire 400-årsjubileet til Bykle gamle kyrkje i september 2020, men dette måtte diverre avlysast på grunn av koronapandemien. Jubileumsfeiringa er no utsett til 2022. 

I samband med jubileet har Bykle sokneråd gjeve ut eit jubileumsskrift som er distribuert til alle i soknet. Skriftet kan og nedlastast frå våre nettsider. Gå til "Kyrkjer" og klikk på "Bykle gamle kyrkje".

Tilbake