AVLYST PGA. KORONA-RESTRIKSJONAR
Palmesundag 28. mars kl. 19.00 blir det pasjonskonsert i Bykle kyrkje med songsolistar og strykeensemble!
Vi får høyre eit flott program med arier fra bl.a. Matteus- og Johannes-pasjonane til J.S. Bach, kombinert med instrumentalmusikk av bl.a. Händel, Vivaldi, Massenet og Samuel Barber.
Songsolistane er: Ingrid Vetlesen, sopran, og Brynjar Onsøien, bass. Dei blir akkompagnert av Scandinavian Chamber Soloists frå Kristiansand - same ensemble som vi fekk høyre under festivalen siste sommer, berre med eit nytt navn.
Billettpris: 200 kr. / gratis under 18 år.
Billettar kan berre kjøpast i døra. Betaling: helst med Vipps, alternativt kontant.
Det er ikkje påmelding. Plass til ca. 100 personar. Kom gjerne i god tid!