Pilegrimsvandring Hovden-Røldal


Pilegrimsvandring har vorte stadig meir populært dei seinare åra. Mange kjenner til pilegrimsledane til Santiago de Compostela i Spania og Nidaros, mindre kjent er nok pilegrimsledane til Røldal. I mellomalderen var Røldal det nest største pilegrimsmålet i Noreg etter Nidaros. Ein av pilegrimsledane til Røldal gjekk frå Hovden i Setesdal.

 

I 2007 vart tradisjonen med pilegrimsvandringar frå Hovden til Røldal teke opp att. Det var dåverande leiar av Hovden Fjellstoge, Bjørnar Mørenskog, som i samarbeid med Agder og Telemark bispedøme tok initiativ til å gjenopplive pilegrimstradisjonen. Sidan då har det stort sett kvart år blitt arrangera vandringar frå Hovden til Røldal. Desse vandringane har så vidt mogleg følgt den autentiske ruta frå Breive, via Sloaros og Holmevatn før nedstigninga til Røldal. I 2007 var det 126 pilegrimar som gjekk ruta, fordelt på fire turar. Det er òg andre ruter som fører til Røldal, og det jobbast for å gjera denne staden til eit pilegrimssenter.

Her kan du sjå ein video frå pilegrimsvandringa i 2010.

 

Røldal var frå gamal tid det nest største pilegrimsmålet i Noreg, etter Nidaros. Folk drog til Røldal frå fleire kantar for å få del i den heilbrigdande krafta frå krusifikset i Røldal stavkyrkje. Kvar jonsokaftan sveitta krusifikset under vigilia, og væsken vart turka av med ein linklut som så vart stroken over sjuke lekamsdelar. Mange gjekk etterpå friske frå Røldal. Valfart til stavkyrkja i Røldal med messe på jonsokkvelden føregjekk òg etter reformasjonen. Folk kom vandrande og ridande frå fjern og nær for å feira vigilia og be Gud om heilbrigd for sjel og kropp. Først i 1835 høyrte pilegrimstilstrøyminga opp, etter at statlege og kyrkjelege styremakter la ned uttrykkeleg forbod mot den slags overtru og ulovleg gudsdyrking.

Det var på mange vis Bjarne Tveiten (1942-2020), sogemann og forfattar, som gav inspirasjon til dei moderne pilegrimsvandringane med romanen ”Underet i Breive” frå 2006. Boka skildrar ein pilegrimsvandring frå Øvre Setesdal til stavkyrkja i Røldal rundt år 1620. Forteljinga om Sigrid er ein gripande historie om eit lite barn og foreldrane hennar, som på eit forunderleg vis opplever at krusifikset i Røldal gjer noko med den hardt skadde jenta.

 

Ein komité jobbar nå med å arrangere ein ny pilegrimsvandring gjennom heile Otredal prosti. Denne vandringa kommer til å strekke seg over fleire år. Planen er å byrje frå Hovden i 2021.

Kontakt: prostidiakon Per Emanuelsen (sjå "Kontakt").

Tilbake