Smittevern pga koronavirus


For å unngå spreiing av koronavirus er det nokre smittevernreglar me må halde oss til. Førebels er det berre Bykle kyrkje og Valle kyrkje som er opne for gudstenester, men alle kyrkjene er opne for kyrkjelege handlingar.

 

Det kan vere maks 100 personar + medverkande til stade med 1m avstand frå skulder til skulder. Men i kyrkjene våre er det ikkje plass til så mange når me skal halde avstanden. I Bykle kyrkje er det plass til 100 enkeltpersonar med 1 m avstand og i Valle kyrkje 92 enkeltpersonar. Alle frå same husstand / kohort kan sitte saman. Og kyrkjeverten viser kor ein kan sette seg.

OBS: Ved salmesong skal det vere minst 2m avstand mellom enkeltpersonar.

- Alle må oppgi namn og tlf.nr sitt til kyrkjetenar når ein kjem. Denne lista tar me vare på i 14 dagar etter gudstenesta før den makulerast. Det er fordi om nokon skulle bli smitta så kan alle som var til stade varslast.

- Det er handsprit ved inngongen så alle får desinfisert seg.

- Ta på minst moleg i kyrkja.

- Takkoffer takast opp med Vipps eller til banken, vi vil unngå kontanter.

- Nattverd føregjeng ståande ved altaret, nokre få av gongen. Alle tar kvart sitt beger med oblaten oppi. Når presten kjem til deg et du oblaten, får tilsagnsord, så får du vin og tilsagnsord. Når alle har fått går alle å set seg før neste gruppe kjem fram. Dette er for å unngå å ta på ting og for å halde avstanden.

- Alle som kjem må ikkje ha symptom på luftvegssjukdomar.

- Elles gjeld vanlege smittevernreglar.

 

LOKAL SMITTEVERNPLAN FOR BYKLE, VALLE OG HYLESTAD. 23. juni 2020.

Smittevernvegleiar nr 1,  5.mai 2020 frå Den norske kyrkje.

Smittevernvegleiar nr 3, 27.oktober frå DNK.

Smittevernvegleiar nr 4, 6.november 2020 frå DNK, om maks 50 personar på arrangement i kyrkja frå 9. november.

Smittevernvegleiar nr 5, 2.desember 2020 frå DNK, om minst 2m avstand ved salmesong inne og 1m ute, og fortsatt maks 50 personar inne og 200 personar ute.

Smittevernvegleiar nr 6, 4.januar 2021 frå DNK, om tilråding om å avlyse fysiske aktivitetar til 18.januar, inntil 50 deltakarar i gravferd, maks 5 personar i minnesamvær og andre private samankomster og ved kyrkjevandring må kyrkja tømast mellom kvar pulje av maks 10 personar.

Smittevernvegleiar nr 7, 18.januar 2021 frå DNK, aktiviteter kan gjennomførast igjen, men begrensast til 10 personar innandørs og 200 utandørs, men inntil 50 personar i gravferd, og barne- og ungdomsarbeid er delt inn i grønt, gult og raudt nivå. 1 m regelen gjeld, men ved salmesong er det minst 2 m mellom enkeltpersonar.

Smittevernvegleiar nr 8, 23. februar 2021 frå DNK; med 1 m mellom oss kan me samlast inntil 100 personar i tillegg til medvirkande, pga omdefinering av faste sitteplassar som alle vil få tilvist. Det er 2 m mellom enkeltpersonar ved salmesong.

kirken.no/korona finn du alltid nyaste informasjon om smittevernreglar og smittevernvegleiar for kyrkja.

 

Sist oppdatert 18.mars 2021

Tilbake