Bispevisitas 2017


8.-12. februar 2017 hadde vi bispevisitas i Bykle, Valle og Hylestad sokn

 

Biskop Stein Reinertsen hadde tett program i tre dagar i Bykle og Valle.

Onsdag 8.feb var han i Valle kommune. Han besøkte båe kyrkjene, Hylestad barnehage, dagsenteret i Valle og Valle vidaregåande skule. Han hadde møte med konfirmantane, kommunen og var på internasjonal kafè. Og på kvelden var det kulturkveld.

Torsdag 9.feb var han i Bykle kommune. han besøkte alle tre kyrkjene, Bykle skule og møtte både elevar og tilsette. Han hadde møte med turistnæringa og kommunen. Han hadde samtaler med tilsette og møtte stab og båe sokneråda.

Sundag 12.feb var det visitasgudsteneste i Bykle nye kyrkje med visitasføredrag.

 

Her kan du lese meir:

Synfaringsrapport frå kyrkjene i Valle og Bykle i samband med visitas 2017

Visitasmelding frå Valle og Hylestad sokn og Bykle sokn til Agder og Telemark bispedøme

Referat frå visitas i Bykle- og Valle og Hylestad sokn

Visitasføredrag 12.februar 2017

Her kan du sjå nokre bilete på facebook frå visitasen og visitasgudstenesta

 

Tilbake