Pinsefest i Bykle og Valle 31.mai 2020


No opnar Bykle og Valle kyrkjer endeleg etter å ha vore stengt i sidan 12.mars.

 

Pinsefest i Bykle og Valle kyrkje 31.mai 2020

Sundag 31.mai blir det PINSEFEST kl 11.00 i Bykle kyrkje og kl 19.00 i Valle kyrkje

Sokneråda i Bykle, Valle og Hylestad har nokre smittevernregler vi må følge:

- Det kan vere maks 50 personar + medverkande til stade med 1m avstand. Alle frå same husstand kan sitte saman. Kyrkjeverter vil vise kor det er greitt å sette seg.

- Alle må oppgi namn og tlf.nr til kyrkjetenar. Denne lista vil vi ta vare på i 10 dagar etter gudstenesta før den makulerast. Det er fordi dersom nokon skulle bli smitta så kan alle som var til stade varslast.

- Det vil vere handsprit ved inngongen så alle får desinfisert seg.

- Alle som kjem må vere friske.

- Elles gjeld vanlege smittevernregler.

Her kan du lese heile den lokale smittevernplanen vår.

ALLE ER HJARTELEG VELKOMEN TIL KYRKJA ATT

Tilbake