Sundagsskule i Bykle?
Sundagsskule i Bykle?
Sundagsskule i Bykle?

Fjellgardane sundagsskule vert driven av leiar Else Gyro Rysstad og andre foreldre på Hovden. Det er sundagsskule i Valle og Hylestad. Men det er nokre år sidan det var sundagsskule i Bykle.

 

Ein kan tenkje seg eit samarbeid med Fjellgardane, med nokre fellessamlingar. Sundagsskule kan vere ei gong i månaden. Bykle sokneråd ynskjer eit par foreldre som kan ta ansvar for sundagsskulearbeid i Bykle i to år. De vil få tilgong til Norsk sundagsskuleforbund sine gode planleggingsressursar. Det er svært mykje hjelp i desse. Sjå meir på www.sondagsskole.no

 

Ta kontakt med kyrkjeverja i Bykle viss du kan tenkje deg å engasjere deg i å etablere sundagsskule også i Bykle.

 

Epost kyrkjeverja@bykle.kommune.no eller tlf 37938570.