Informasjon om festeavgift og anna på kyrkjegardane i Bykle sokn
Informasjon om festeavgift og anna på kyrkjegardane i Bykle sokn
Informasjon om festeavgift og anna på kyrkjegardane i Bykle sokn

 Festeavgift er regulert i gravferdslov (nasjonal lov) og lokale kyrkjegardsvedtekter. 

Det er eit lovpålagt ansvar for kommunane (gjennom sokneråda) å ha ledige graver og å drifte kyrkjegardane.


Utdrag frå gravferdslov og lokale vedtekter:

 

  • Ei grav er alltid freda i 20 år etter ho er teken i bruk.  
  • Ei grav kan berre festast av ein person.
  •  Alle som gravleggjast i Noreg har rett på kostnadsfri grav i 20 år, viss ein gravleggjast i den kommunen ein har budd i.
  • Viss festar (etterletne) seier opp grava når 20 år har gått, kostar grava ingen ting.  
  • Viss festar av grava ynskjer å feste ei grav utover desse 20 åra, betalast ei festeavgift.
  • Festeavgift i Bykle sokn er for tida kr 100 per år, og fakturerast for 10 år av gongen. Festeavgift regulerast som andre avgifter i samfunnet (tilråding frå sokneråd, vedtak i kommunestyre).
  • Festar kan reservere ei grav ved sida av ei grav som er teken i bruk. Til dømes veljer ofte enker eller enkemenn å nytte seg av dette. Føresetnad er at grava ikkje er i bruk.
  • Når ein reserverer ei grav betalast det festeavgift (kr 100 pr år), frå tidspunktet grava festast.
  • Festar avgjer sjølv om det setjast opp gravstein på grava.
  • Viss festar ynskjer å setje opp gravstein, er det festar sitt ansvar at gravstein og grava elles vert halden i hevd.
  • Når eit feste opphøyrer, har festar høve til å ta bort gravstein frå grava. Gravsteinar som ikkje er tekne bort seks månader etter festet opphøyrer, vert tekne bort av Bykle sokn.
  • Den interkommunale attføringsbedrifta Setpro  tilbyr gravstell (planting/vatning av blomar på grav) for dei som bur langt unna, eller av andre årsaker ynskjer eit slikt tilbod. Spørsmål om dette rettast direkte til Setpro (tlf 37 92 94 00 / www.setpro.no)     

Spørsmål rundt feste av grav eller anna, kan rettast til kyrkjeverja i Bykle.
Kyrkjegardsvedtekter.